fredag 22. april 2016

Dagens gitarhelt 1. Ace Frehley

Hei igjen.

I dag vil eg begynne å skrive litt om mine eigne gitarheltar. Eg begynte å spele gitar nokså seint, rundt 16 år, og vart veldig gira på dei "gamle" gitaristane frå 60-talet.
Men den fyrste, frå mi fyrste favorittgruppe, må være Ace Frehley frå Kiss.

Ace og resten av Kiss starta opp i 1973, og var 5 år seinare kanskje verdens største og mest gjenkjennelige band. Ikkje minst på grunn av sceneshow og at dei alltid gjekk sminka.

Ace var nok ein rabbagast, og måtte slutte i Kiss rundt 1980 grunna festing og narkotikamisbruk. Han har gitt ut nokre soloplater, vart med og ramla ut av Kiss igjen på 90-talet, og kom no i april ut med si siste plate; Originals vol I.

Gitarstilen til Ace er nokså lett gjenkjennelig. Han brukar enkle, men fengande riff, og spelar det meste av soloane sine rundt den pentatoniske skalaen. Dette skal me sjå litt nøyare på i eit seinare innlegg.
Eit godt døme på stilige riff av Ace, sjå på denne; Parasite frå 1975.



Fun fact: Ace vart elsktrosjokka under ein konsert i 1976!! Ein teknisk feil fekk det til å gå straum inn i gitaren, og når Ace kom borti eit stål-rekkverk fekk han sjokk. Han ramla ned fleire meter, og vart liggjande heilt utslått i 10 minutt før han kunne fortsetje konserten. Som nok var ein slitsom kveld, då han hadde fått brannsår på fingrane sine.
Dette førte til at han skreiv songen Shock Me, som er ein av mine favoritt-Kiss-songar. Denne inneheld også mange av hans faste gitar-triks i soloen.




Eg må og ha med dette biletet, frå eg traff Ace sumaren 2015, og fekk signaturen på den fyrste solo-plata hans. Er nok litt "fanboy"...



2 kommentarer:

  1. Eg visste ikkje at det var sånn han endte opp skriva "Shock Me". Takk for å dela dine tankar om gitar.

    SvarSlett
  2. Takk for at du ser innom, Jan Ove! Reknar med du har nokre tankar om gitaren sjølv, og eg tenkjer eg må vege mine ord på gullvekt, med så gode gitaristar, som deg, som lesarar. Det hadde vore veldig spennande å høyre litt om din veg ut frå Odda, på MIT (?), og korleis det var å prøve seg i USA.

    SvarSlett